Diskusjon i undervisninga og podkasting i vurderinga<subtitle>Eit forsøk på å styrka studentanes munnlege engasjement i møte med skjermteknologi og ChatGPT</subtitle>

Teknologiutviklinga kan skapa problem for det pedagogiske arbeidet i høgare utdanning. Videomøte på Zoom og Teams kan føra til at studentane vert mindre engasjerte i læringssituasjonen, noko som kom tydeleg fram under pandemien. ChatGPT gjer at studentar kan levera inn datagenererte tekstar på skrif...

詳細記述

書誌詳細
出版年:Norsk Medietidsskrift
主要な著者: Sigmund Trageton, Lars Nyre
フォーマット: 論文
言語:英語
出版事項: Universitetsforlaget 2025-01-01
主題:
オンライン・アクセス:https://www.idunn.no/doi/10.18261/nmt.31.2-3.5
その他の書誌記述
要約:Teknologiutviklinga kan skapa problem for det pedagogiske arbeidet i høgare utdanning. Videomøte på Zoom og Teams kan føra til at studentane vert mindre engasjerte i læringssituasjonen, noko som kom tydeleg fram under pandemien. ChatGPT gjer at studentar kan levera inn datagenererte tekstar på skriftlege eksamenar, og arbeidet kan bli godkjent utan at studentane sit igjen med noko særleg læringsutbytte. Korleis kan faglærarar sikra at studentane engasjerer seg i faget og lærer det dei skal? Artikkelen tek føre seg eit munnleg undervisningsopplegg kalla «Diskutek» ved Universitetet i Stavanger, og drøftar i kva grad ein kan få betre internalisering av kunnskap med diskusjon som læringsform og podkastproduksjon som vurderingsform. Våre erfaringar viser at aktiv bruk av munnleg læring kan betra både studentengasjementet og læringsutbyttet.
ISSN:0804-8452
0805-9535